
– Eg trur jo me tapar litt identitet. Me har jo stått veldig støtt i nynorsken og vore stolte av språket vårt, seier Kristin Lemme.
I to år har ho selt arbeidsklede for kvinner på nettet. Det var ikkje spørsmål for Lemme kva målform butikken skulle ha.
– Me er frå Voss og har skrive nynorsk heile livet. Det var heilt naturleg for oss.
Men no har dei i staden byrja å skriva bokmål på nettstaden. Valet var anten å gå konkurs, eller å byta målform.
Dei oppdaga at dei ikkje kom høgt nok opp på trefflistene på Google.
– Problemet var at alt var på nynorsk. Ingen googlar «klede». Dei googlar «klær», seier Lemme.
Etter å ha gått over til bokmål, har kledegründeren på Voss allereie fått fleire besøk.
– Me har rykka fleire hakk oppover på listene, seier Lemme.
NYNORSKBRUKAR: Kristin Lemme har skrive nynorsk heile livet. Men no vel ho å byta målform i nettbutikken hennar.
Foto: Arne Hofseth / Arne Hofseth
Ivar Aasen selde ikkje nok på nettet
At nettbutikken på Voss har valt å byta målform, overraskar ikkje ekspertane.
– Google er definitivt den viktigaste staden å treffa kundane. Då må ein må vera der. Google forstår ikkje nynorsk, seier Patrick Dahl, dagleg leiar i webselskapet Digitroll.
Han har jobba med nettbutikken til Ivar Aasen-tunet i fleire år. Også dei skreiv om alle produkta sine på nynorsk.
Men i fjor vart butikken lagt ned, etter å ha selt for lite.
– Til og med butikken der dei selde effektar og bøker om nynorskens far blei nedlagt, seier Dahl.
Han presiserer at det kanskje også var andre grunnar til at Ivar Aasen-tunet sin nettbutikk blei lagt ned.
– Det tyder veldig mykje av kva målgruppe ein har. Men så lenge ein er avhengig av å bruka Google for å vera synleg, så kan det vera problematisk å skriva nynorsk, seier Dahl.
IKKJE OVERRASKA: Dagleg leiar i Digitroll, Patrick Dahl, forstår at Kristin Lemme har valt å byta til bokmål.
Foto: Privat
– Tydeleg at det ikkje fungerer
Leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, meiner Google burde endra systemet sitt.
– Det er heilt tydeleg at dette ikkje fungerer. Her er det strukturar som gjer det vanskeleg å bruka mindretalsspråket nynorsk, seier han.
Hauge meiner Google burde ordna opp i dette, og få på plass ein algoritme som likestiller nynorsk og bokmål.
Han fryktar at fleire ufrivillig vel å bruka bokmål, fordi det er lettare.
– Alle språkbrukarar er avhengige av å sjå, møta og kunna bruka språket sitt på alle område, seier Hauge.
Google har førebels ikkje kunna stille til intervju med NRK om denne saka. Dei viser til eigne sider om korleis algoritmane deira verkar.
FUNGERER IKKJE: Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, meiner Google bør endra algoritmane s
Foto: Synne Lykkebø Hafsaas / NRK
Leave a Reply